Me søker teknikar til fabrikken vår på Bømlo

Seashore Industri AS · BØMLO · Heltid

Me ser etter deg som likar å skru, feilsøke og finne gode løysingar når noko stoppar opp. Hos oss blir du ein viktig del av teamet som sørgjer for at produksjonen går som den skal. Stillinga inngår i skiftordning ved teknisk avdeling. I skiftordninga inngår dag- og kveldsarbeid, samt friveker. Dette skal du jobbe med Sikre stabil drift og redusere driftsstans Feilsøking og førebyggande vedlikehald Dagleg vedlikehald og reparasjon av teknisk utstyr Oppfølging av vedlikehaldssystemet vårt og rapportere maskinstatus og vedlikehaldsbehov Samarbeide med andre avdelingar for å sikre nøyaktig og effektiv prosessering av fisken Bidra til å finne betre og smartare måtar å jobbe på Kven ser me etter? Du har interesse for tekniske fag og likar å forstå korleis utstyr og prosessar fungerer. Du tek ansvar for eigne oppgåver, men trivst også med å løyse ting saman med andre. Me ønskjer at du har: Fagbrev som automatikar. Andre relevante fagbrev kan òg vurdersast. Relevant erfaring frå teknisk arbeid Fokus på HMS og kvalitet Gode norsk- og engelskkunnskapar Me trur du vil trivast hos oss om du jobbar strukturert og sjølvstendig prioriterer godt når det er mykje å gjere er nysgjerrig og løysingsorientert bidreg til eit godt arbeidsmiljø Dette får du hos oss Ein jobb med varierte arbeidsdagar og faglege utfordringar Moglegheit til å utvikle deg i ein spanande bransje Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Krav i annonsen

Lønn som radiograf

Medianlønn for radiograf er 58 170 kr i måneden; halvparten tjener mellom 51 790 kr og 62 010 kr (SSB). Se Radiograf lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Flere ledige stillinger · Stillinger i Bømlo