Ingeniør/senioringeniør - energi og tekniske anlegg

Nordplan As Avd Nordfjord · STAD · Heltid

Ingeniør / senioringeniør – energi og tekniske anlegg Vil du jobbe med energi og tekniske anlegg, og samtidig få påverke løysingane frå tidlegfase til ferdig prosjekt? Vi ser etter deg som vil bruke kompetansen din til å utvikle gode, gjennomførbare og energieffektive løysingar. Hva vi ser etter Du har relevant teknisk utdanning innan til dømes VVS, maskin, energi, miljø eller tilsvarande. Du kan vere erfaren rådgivar, eller vere tidlegare i karrieren og ønskje å utvikle deg vidare innan fagområdet. Det er ein fordel om du har erfaring med eitt eller fleire av områda varme, kjøling, energisystem, energiberekningar eller teknisk prosjektering. Du treng ikkje kunne alt. For oss er det viktig at du har eit godt fagleg fundament, er nysgjerrig og trivst med å finne løysingar saman med andre. Arbeidsoppgaver utvikling av energi- og tekniske konsept prosjektering og dimensjonering av varme-, kjøle- og energianlegg energiberekningar og vurdering av energieffektive løysingar modellbasert prosjektering og tverrfagleg koordinering rådgiving og dialog med kundar, entreprenørar og leverandørar oppfølging av prosjekt frå tidlegfase til detaljprosjektering og gjennomføring Oppgåvene blir tilpassa erfaringa og kompetansen din. Har du interesse for kundekontakt, prosjektansvar eller fagutvikling, er det også mogleg å ta ei større rolle over tid. Vi tilbyr Hos oss får du: påverke løysingane -- ikkje berre produsere etter bestilling arbeide tett med fleire fag i same rådgivarmiljø vere med gjennom fleire fasar av prosjektet korte vegar mellom fagfolk og avgjerder høve til å utvikle deg fagleg og ta meir ansvar ein arbeidskvardag med tillit, fleksibilitet og dyktige kollegaer Nordplan er eit tverrfagleg, ansatteigd rådgivarselskap. Vi har fagmiljø innan mellom anna arkitektur, bygg, energi, brann, plan, prosjektleiing og teknisk rådgiving, og jobbar med prosjekt for både offentlege og private kundar.

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Flere ledige stillinger · Stillinger i Stad