Butikkseljar i 40% fast stilling

Nille Sogndal · SOGNDAL · Deltid

Butikkseljar Er du ein positiv og serviceinnstilt person som trivst med kundekontakt? Har du lyst på ein variert og aktiv jobb der du får bruke salsevnene dine og skape gode kundeopplevingar? Då kan dette vere stillinga for deg! Me søkjer ein engasjert butikkseljar i 40% fast stilling som vil vere med på å skape ein inspirerande og triveleg butikk for både kundar og kollegaer. Hos oss får du ein variert kvardag med oppgåver innan kundebehandling, sal, kassearbeid, varepåfylling og vareplassering. Du må vere villig til å jobbe om lag 15 timar per veke, fordelt på dag, kveld og helg. Det vil også vere moglegheit for ekstra vakter i travle periodar. Me ser etter deg som er blid, imøtekommande og serviceinnstilt. Du tek ansvar og trivst både med å jobbe sjølvstendig og saman med andre. Me tilbyr god opplæring, eit hyggeleg arbeidsmiljø og ein spennande kvardag i butikk. Du må ha fylt 18 år og kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Høyres dette ut som noko for deg? Då håpar me at du sender inn søknaden din via søknadsskjemaet som er knytt til annonsa. Merk at mesteparten av kommunikasjonen vil gå føre seg på e-post, så hugs å sjekke innboksen din jamleg.

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Krav i annonsen

Lønn som butikkmedarbeider

Medianlønn for butikkmedarbeider er 43 470 kr i måneden; halvparten tjener mellom 39 780 kr og 48 390 kr (SSB). Se Butikkmedarbeider lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Ledige stillinger som butikkmedarbeider

Flere søk

Flere ledige stillinger · Stillinger i Sogndal