Kunstbygda Balestrand as søkjer etter dagleg leiar
Kunstbygda Balestrand As · SOGNDAL · Deltid
Vil du vere med å utvikle eit sterkt kunstfelt og eit rikt kulturliv i bygdene våre? Kunstbygda Balestrand as er eit selskap med eit ideelt hovudføremål som er å bidra til at kunst og andre kulturuttrykk er viktige utviklingsfaktorar i Sogn. Hva vi ser etter Har lyst og motivasjon til å jobbe med kunst og kultur som ein viktig utviklingsfaktor i lokalsamfunna i Sogn Er sjølvstendig, men og god til å spele på lag med andre tilsette og samarbeidsaktørar Har kjennskap til, og erfaring innan kunst- og kulturfeltet, eller anna relevant kompetanse Arbeidsoppgaver Gjennomføre oppdrag og prosjekt selskapet har ansvar for Samarbeid og nettverk med andre aktørar i regionen Kontakt med styreleiar og styret, saksførebuing og oppfølging av styret sine vedtak Administrative oppgåvene knytt til selskapet Styrke finansiering av drift og prosjekt Samarbeide med kommunar og bidra inn i ulike kommunale utval og prosessar Vi tilbyr I rolla som dagleg leiar vil du få ansvar for å gjennomføre dei oppdraga og prosjekt som selskapet til ei kvar tid har teke på seg. Du vil ha ansvar for å utvikle selskapet vidare i samarbeid med prosjektleiar og styret. Dette gjeld både i høve å utvikle nye prosjekt, og styrke det økonomiske grunnlaget til selskapet. Du får ei sentral rolle i å forme den vidare utviklinga, retninga og posisjonen til selskapet, og det er mogleg for deg å setje ditt preg på korleis vi skal lukkast. Stillinga er i dag 60 %. I samband med tilsettinga og i dialog med søkjarar vert det vurdert å auke stillingsprosenten. Fleksibel arbeidstid. Løn etter avtale.
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Flere ledige stillinger · Stillinger i SOGNDAL