Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland? Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med på samfunnsutviklinga i Årdal kommune. Stillinga er eit engasjement på to år i ei 100% stilling. Hva vi ser etter Me ser etter deg som har har interesse for samfunn- og næringsutvikling. Om nokre av punkta me ser etter nedanfor høyres midt i blinken ut for deg, ynskjer me veldig gjerne å høyre frå deg. Arbeidsoppgaver Me jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv. KVA ME SER ETTER Me søkjer deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor: · Gründerskap/førstelinjeteneste . Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv. · Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Me har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå. · Omdømebygging . Du er gjerne god på kommunikasjon. Me skal profilere det gode arbeidet me gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss. · Prosjektarbeid . Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar. · Berekraft/ omstilling . Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas samfunnsutvikling i Årdal og i regionen. Engasjementet varar i to år, med moglegheit for forlenging/fast stilling. Vi tilbyr Du får arbeide med interessante, spennande og allsidige oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold. Me har kontor i Årdal Teknologi- og Næringspark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid. Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal -- midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Lønn som rådgiver
Medianlønn for rådgiver er 71 100 kr i måneden; halvparten tjener mellom 62 190 kr og 88 500 kr (SSB). Se Rådgiver lønn: spenn, timelønn og utdanning.