Vi søkjer tilkallingsvikar

Hildre Montessoribarnehage As · HARAM · Deltid

Hildre Montessoribarnehage søkjer tilkallingsvikarar. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna? Hva vi ser etter Kvalifikasjonar Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel. Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning er positivt, men ikkje eit krav. Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Gyldig politiattest må leverast før oppstart Personlege eigenskapar Du er varm, omsorgsfull og trygg. Du likar å vere saman med barn og engasjere deg i leiken deira. Du er fleksibel og kan stille opp på kort varsel. Du er positiv, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du likar å vere ute og bruke naturen som arena for leik og utforsking. Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Du jobbar sjølvstendig, men samarbeider godt i team. Du reflekterer over eigen praksis og søkjer rettleiing når det trengst. Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde. Arbeidsoppgaver Gi omsorg, støtte og vere ein trygg vaksen for barna. Delta aktivt i leik, aktivitetar, måltid og daglege rutinar. Bidra til at alle barn opplever tilhøyrsle, meistring og trivsel. Støtte barna si utvikling gjennom språk, samspel og gode relasjonar. Legge til rette for aktivitetar og miljø i tråd med montessoripedagogikken. Vere med på turar og uteaktivitetar gjennom året. Følgje barnehagen sine rutinar, HMS-prosedyrar og retningslinjer. Støtte barn i medverknad og positiv grensesetting, individuelt og i gruppe. Samarbeide godt med kollegaer og føresette. Ta imot rettleiing og bidra positivt i arbeidsmiljøet. Vi tilbyr Vi tilbyr Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper Høve til å bli del av eit større montessorimiljø Det krevst godkjend politiattest før oppstart.

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Flere ledige stillinger · Stillinger i HARAM