Trafikklærar

Rotevatn Trafikkskule As · ULSTEIN · Heltid

Er du er ein ansvarleg og engasjert trafikklærar som likar å samarbeide med andre? Er du opptatt av å skape eit godt og trygt læringsmiljø i klasserom og praktisk undervisning? Er du sjølvstendig, løysingsorientert og utviklingsorientert, både på eiga hand og i samarbeid med andre? Om du svarar ja på desse spørsmåla har vi plass til deg i staben vår. Vi søker no etter trafikklærar for klasse TGK, A1, A, B og BE, med hovudfokus på undervisning i klasse B. Du vil få ansvar for å både planlegge og gjennomføre kurs- og undervisningsopplegg som inngår i skulen sitt opplæringstilbod, særleg i klassane TGK og B, men også BE. Du vil i utgangspunktet ha Ulsteinvik som arbeidsområde. Vi tilbyr ein spanande, utviklande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling. Du får vere ein del av ei faggruppe med lang og variert erfaring innan trafikkopplæring. Trafikkskulen er også representert i regionale og nasjonale faggrupper for MC, og har eit godt nettverk for erfaringsutveksling og kompetansebygging. Du må ha trafikklærarutdanning frå Statens Trafikklærerskole/HINT. Vi tilbyr gode vilkår, aktuelle kurs for eigenutvikling, OTP og gode lønnsvilkår. Søknad med CV kan sendast per e-post til dagleg leiar Kjell Erik Rotevatn, kjell.erik.rotevatn@gmail.com

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Lønn som kjøreskolelærer

Medianlønn for kjøreskolelærer er 58 620 kr i måneden; halvparten tjener mellom 51 960 kr og 70 000 kr (SSB). Se Kjøreskolelærer lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Ledige stillinger som kjøreskolelærer

Flere ledige stillinger · Stillinger i Ulstein