Vil du ha heile Nordfjord som arbeidsplass? Vi søker innhaldsprodusent
Visit Nordfjord AS · STRYN · Heltid
Visit Nordfjord søker ein innhaldsprodusent i 100 % stilling, med oppstart tidleg i 2027. Innhaldsprodusenten skal produsere foto og film som viser fram Nordfjord – frå bre til hav, gjennom alle årstider. Hva vi ser etter Vi ser etter deg som: Har erfaring med foto, film og redigering -- som tilsett, frilansar eller gjennom eigne prosjekt Tar heile løpet sjølv: Frå idé og planlegging til ferdig innhald Kjenner sosiale medium og veit kva som fungerer i dei ulike kanalane Er sjølvstendig og strukturert, og likar å jobbe for fleire oppdragsgivarar Likar å vere aktiv i naturen og trivst ute i all slags vêr og til alle årstider Uttrykker deg godt på norsk og engelsk Har førarkort klasse B og disponerer bil Det er ein fordel om du kjenner Nordfjord og har dronebevis, men det er ikkje eit krav. Dronebevis kan vi ordne dersom du ikkje har det frå før. Erfaring og portefølje tel meir enn formell utdanning. Arbeidsoppgaver Som innhaldsprodusent i Visit Nordfjord viser du fram Nordfjord i foto og film - frå bre til hav, heile året. Du planlegg, fotograferer, filmar og redigerer, og du bruker både kamera og drone. Innhaldet blir brukt på nordfjord.no, i sosiale medium, i kampanjar og overfor presse og bransje. Du jobbar tett på reiselivet. I faste veker er du ute hos reiselivsbedrifter vi samarbeider med, og lagar innhald for dei. Saman legg vi ein plan for året. Når det skjer noko -- for eksempel nysnø, nordlys eller eit arrangement -- rykker du ut. Arbeidstida er vanleg dagtid. Kveld og helg kan forekomme når ein leveranse eller eit oppdrag krev det. Vi tilbyr Hos oss får du: 100 % stilling i Visit Nordfjord, med kontor i Stryn Ein variert kvardag med fleire oppdragsgivarar og heile Nordfjord som arbeidsplass Utstyret du treng: kamera, drone, datamaskin og telefon Stor fridom til å forme innhaldet, i eit lite team Lønn etter avtale og pensjonsordning
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Krav i annonsen
Førerkort klasse B
Språk: norsk, engelsk
Lønn som reklamerådgiver
Medianlønn for reklamerådgiver er 61 740 kr i måneden; halvparten tjener mellom 52 910 kr og 74 670 kr (SSB). Se Reklamerådgiver lønn: spenn, timelønn og utdanning.