Assistent/lærar 100 % – vikariat
Moltustranda Montessori Sa · HERØY (MØRE OG ROMSDAL) · Heltid
Moltustranda Montessori søkjer ein trygg, engasjert og fleksibel assistent/lærarvikar til skule og SFO. Vi har ledig 100 % vikariat frå 23. oktober 2026 til 18. juni 2027. Det kan også vere mogleg å starte tidlegare, i full- eller deltidsstilling, dersom det er ønskjeleg. Hva vi ser etter Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som: er trygg, varm og tydeleg i møte med barn har gode relasjonelle eigenskapar er fleksibel og løysingsorientert tek initiativ og ser kva som trengst trivst med ein variert og aktiv arbeidsdag ønskjer å bidra til eit trygt og inkluderande skulemiljø Montessori-erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Arbeidsoppgaver Hos oss blir du ein viktig del av kvardagen til elevane på 1.--7. trinn. Stillinga inneber mellom anna: oppfølging av elevar i skulekvardagen støtte i fagleg, sosial og praktisk læring deltaking i aktivitetar ute og inne samarbeid med lærarar og andre tilsette arbeid i SFO. Vi tilbyr Vi tilbyr: Gode lønns og pensjonsordningar Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag Eit lite og inkluderande arbeidsmiljø Moglegheit til å gjere ein forskjell for barn og unge Erfaring frå ein Montessori-skule i utvikling Moglegheit for vidare arbeid ved skulen kan vere aktuelt, avhengig av behov og elevtal neste skuleår. Send søknad til: post@moltustrandamontessori.no Spørsmål om stillinga kan rettast til styremedlem Nikoline Lillestøl-Moltu på telefon 481 20 152 eller rektor Monica F. Steinsvik på telefon 930 36 809.
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Flere ledige stillinger · Stillinger i HERØY (MØRE OG ROMSDAL)