Osland søker etter driftsoperatør som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!
OSLAND GENETICS AS · Høyanger · Heltid
Som driftsoperatør hos Osland Genetics vil du vere med på å produsere stamfisk og rogn av regnbogeaure basert på våre eigne stammer, Ilsvåg-stamma og Osland-stamma. Begge stammene utviklas gjennom eit familiebasert avslprogram i samarbeid med NOFIMA. Regnbogeauren vår veks raskt, er robust og ettertrakta som slaktefisk. Hos oss får du kjennskap med fisken i heile livssyklusen frå rogn til rogn. Vi held til på Osland Brygge i Bjordal og mesteparten av produksjonen til Osland er i og ved Sognefjorden. From the origin. Inovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I et enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Oslan har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smol. Arbeidsoppgåver Handtering av stamfisk Produksjon av rogn Foring og stell av fisk Dagleg vedlikehald Teknisk tilsyn Journalføring og rapportering Du blir ein del av eit team som jobbar tett saman for å utvikle framtidas aure. Du vil ha en variert arbeidskvardag, der du håndterer stamfisk både i sjø og på land gjennom heile året. I rogneriet vil du ta del i befruktning og produksjon av rogn fram til levering til kunde. Du vil også delta i teknisk drift av anlegga våre. Vi søker deg som er engasjert, løysingsorientert og trivst med fysisk og variert arbeid, både inne og ute. Kvalifikasjoner Fagbrev/utdanning innan akvakultur/anna relevant fag er ynskjeleg Erfaring kan vege opp for formell utdanning Teknisk og biologisk forståing Strukturert Evne til å arbeid sjølvstendig og i team Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skrifteleg Vi tilbyr 100% fast stilling Spennande arbeidskvardag i nye fasiliteter og godt arbeidsmiljø Varierande arbeidsoppgåver Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar Hjelp til å finne bustad i Bjordalsområdet Til å hjelpe oss i denne prosessen har vi valgt Lederhuset AS, ved Bjarne Jacobsen. Spørsmål om stillingen kan du ta med han. Søknadsfrist 23. november 2026, søknadane med CV blir vurdert fortløpande.
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Krav i annonsen
Språk: norsk
Lønn som vaktmester
Medianlønn for vaktmester er 49 180 kr i måneden; halvparten tjener mellom 44 700 kr og 56 450 kr (SSB). Se Vaktmester lønn: spenn, timelønn og utdanning.