Vi er alltid på jakt etter dyktige menneske

Agnitio · Sunnfjord · Heltid

Fann du ingen ledige stillingar som passar akkurat no? Det betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje er interesserte i å høyre frå deg. Agnitio er eit medarbeidareigd IT-selskap med kontor i Øvre Årdal, på Vossevangen og i Førde. Vi hjelper kundane våre med å skape ein trygg, stabil og moderne digital arbeidskvardag gjennom rådgjeving, prosjektleveransar og driftstenester. Vi er alltid interesserte i å kome i kontakt med personar som ønskjer å utvikle seg innan eitt eller fleire av fagområda våre: • Nettverk og infrastruktur • Informasjonssikkerheit og cybersikkerheit • Microsoft 365 og skykonsulenttenester • Moderne arbeidsflate og klientadministrasjon • Drift og forvalting av IT-løysingar • Rådgjeving og konsulenttenester • Prosjektleiing og tekniske leveranseprosjekt • Sal og kundeutvikling Enten du er ein erfaren spesialist, konsulent, teknikar, rådgjevar, prosjektleiar eller nyutdanna med interesse for teknologi, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer, korte avgjerdsvegar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Som medarbeidareigd selskap byggjer vi Agnitio saman, og vi legg stor vekt på samarbeid, trivsel og kunnskapsdeling. Legg inn CV-en din og fortel litt om deg sjølv, erfaringa di og kva fagområde du er mest interessert i. Vi tek kontakt dersom vi ser ei moglegheit som passar kompetansen din og behova våre. Kanskje er du vår neste kollega?

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Lønn som rådgivere/forskere, humanistiske fag

Medianlønn for rådgivere/forskere, humanistiske fag er 58 560 kr i måneden; halvparten tjener mellom 54 690 kr og 66 520 kr (SSB). Se Rådgivere/forskere, humanistiske fag lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Mer om Agnitio

Ledige stillinger som rådgivere/forskere, humanistiske fag

Flere ledige stillinger · Stillinger i Sunnfjord