Pedagogisk leiar

Suldal kommune Overordna oppvekst · SULDAL · Heltid

Vil du vere med og skape ein god stad å vera, leika og læra? Sand barnehage søkjer ein engasjert pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.01.2027 - 31.12.2027. Me ynskjer ein medarbeidar som brenn for barns utvikling, leik og læring, og som vil bidra til eit trygt, inkluderande og inspirerande barnehagemiljø. Om Sand barnehage «Du er viktig for oss!» I Sand barnehage skal alle barn og vaksne oppleve tryggleik, omsorg, vennskap og meistring. Me legg til rette for leik, læring og utvikling i eit inkluderande fellesskap der kvart barn blir sett, høyrt og verdsett. Våre satsingsområde · Leik, leikemiljø og prosjektarbeid som arbeidsmetode · Trygt og godt barnehagemiljø · Fellesskap, mangfald og inkludering · Relasjonskompetanse · Språk og kommunikasjon Arbeidsoppgåver · Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet på avdelinga · Sikre eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø · Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere pedagogisk arbeid · Vere ein aktiv deltakande vaksen i leik og aktivitet saman med barna · Rettleie og støtte medarbeidarar i det daglege arbeidet · Samarbeide tett med føresette · Delta i tverrfagleg samarbeid med aktuelle instansar · Bidra til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon Kvalifikasjonar · Godkjend barnehagelærarutdanning · Leiarerfaring eller erfaring frå pedagogisk arbeid i barnehage er ønskjeleg · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne · Digital kompetanse Personlege eigenskapar Me ser etter deg som: · Er varm, tydeleg og relasjonssterk · Har engasjement for barns leik og læring · Er strukturert og løysingsorientert · Kan motivere og inspirere kollegaer · Er fleksibel og samarbeidsvillig · Tek ansvar og viser initiativ Me tilbyr · Eit godt arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement · Dyktige og støttande kollegaer · Faste møtearenaer for fagleg utvikling · Moglegheit til å påverke og utvikle barnehagen · Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk Kraftlaget – kva får du hos oss? Arbeidsmiljø Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. Fleksibilitet og kvardagsliv Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon. · Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner · Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner · Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner Utviklingsmoglegheiter Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. Bu i Suldal Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. Hjå oss i Suldal kommune får du: · Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø · Engasjerte og dyktige kollegaer · Bedriftshelseteneste · Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff · Nynorsk som administrasjonsspråk · Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: · Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju · Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar · Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa · Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Lønn og utdanning som barnehagelærer

Flere ledige stillinger · Stillinger i Suldal