Helsesekretær

Bygdelegane på Voss AS · VOSS · Deltid

Er du vår nye kollega? Bygdelegane på Voss søkjer ein engasjert helsesekretær, medisinsk sekretær eller deg med annan relevant helsefagleg bakgrunn! Er du ein person som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å møte menneske og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong? Då kan du vera akkurat den me leitar etter! Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp. Kva går jobben ut på? Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna: Ta imot pasientar i resepsjonen og svara på telefonførespurnader. Handtera timebestillingar og bidra til god flyt i timeboka. Utføra laboratoriearbeid, blodprøvetaking, EKG og andre medisinske prosedyrar. Setja vaksinar og assistera ved ulike undersøkingar og behandlingar. Arbeida i elektronisk journalsystem og utføra administrative oppgåver. Bidra til eit godt samarbeid og ein trygg og effektiv arbeidskvardag. Kven ser me etter? Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske . Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar. Me ønskjer at du: Har autorisasjon som helsesekretær, erfaring som medisinsk sekretær eller annan relevant helsefagleg bakgrunn. Er strukturert, nøyaktig og kvalitetsbevisst. Er fleksibel og løysingsorientert, og klarer å halda roa når det er travelt. Er ein god lagspelar som bidreg positivt til arbeidsmiljøet. Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Møter pasientar og kollegaer med respekt, omsorg og godt humør. Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagde. Kvifor skal du velja oss? Hjå Bygdelegane får du meir enn berre ein jobb. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø, der me hjelper kvarandre og har det kjekt saman! Me tilbyr: Eit godt arbeidsmiljø: Me tek faget vårt på alvor, men meiner òg at latter og godt humør høyrer heime på jobb. God opplæring: Du får trygg og grundig innføring i arbeidsoppgåvene. Varierte arbeidsdagar: Ein spennande kombinasjon av pasientkontakt, praktiske prosedyrar og administrative oppgåver. Gode arbeidstider: Arbeid på dagtid, måndag til fredag – fri på kveldar og i helger. Fagleg utvikling: Moglegheit til å læra nye ting og utvikla deg i rolla. Gode arbeidsvilkår: Løn og pensjon etter gjeldande avtale. Praktisk informasjon Stilling: 80 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing. Oppstart: 1. april 2027. Det er mogleg med opplæring og ekstravakter før oppstart dersom det er ønskjeleg. Søknadsfrist: 7. desember 2026. Søknad: Send søknad og CV til elhjornevik@gmail.com via "søk på stilling" knappen på denne siden. Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Elisabeth på telefon 56 53 03 70 eller e-post elhjornevik@gmail.com . Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du tek kontakt! Me gler oss til å høyra frå deg! Helsing alle oss hjå Bygdelegane på Voss

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Krav i annonsen

Lønn som helsesekretær

Medianlønn for helsesekretær er 45 780 kr i måneden; halvparten tjener mellom 44 030 kr og 47 670 kr (SSB). Se Helsesekretær lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Ledige stillinger som helsesekretær

Flere søk

Flere ledige stillinger · Stillinger i Voss