Fysioterapeut 100% fast stilling

Hardangerbadet As · KVAM · Heltid

Hardangerbadet søkjer ein framoverlent og engasjert fysioterapeut i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kan kombinere individuell behandling med trening og aktivitet – både i basseng, treningssal og treningsrom. Hva vi ser etter Vi ønskjer oss ein fysioterapeut som: Er autorisert fysioterapeut Er framoverlent, initiativrik og løysingsorientert Tek ansvar og arbeider sjølvstendig Er trygg i møte med ulike menneske og aldersgrupper Likar å vere aktiv og bidra i eit miljø med mykje aktivitet Har interesse for trening, førebygging og rehabilitering Ser moglegheiter og ønskjer å utvikle nye tilbod Er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, engasjement og vilje til å utvikle seg. Ein arbeidsplass med mange moglegheiter Hardangerbadet er meir enn eit tradisjonelt fysioterapimiljø. Her får du tilgang til eit allsidig anlegg med mellom anna basseng, treningsfasilitetar og ulike aktivitetstilbod. Dette gir gode moglegheiter for å kombinere fysioterapi med trening, rehabilitering og førebyggjande arbeid -- og til å utvikle tilbod som møter behova til både barn, ungdom, vaksne og eldre. Vi ønskjer ikkje berre ein fysioterapeut som kjem inn i ei ferdig stilling. Vi ønskjer ein person som har lyst til å vere med og forme stillinga og utvikle fysioterapitilbodet ved Hardangerbadet vidare. Har du ein idé til eit nytt treningstilbod? Ser du eit behov hos brukarane våre? Då ønskjer vi at du tek initiativ og er med på å gjere ideane til verkelegheit. Arbeidsoppgaver Som fysioterapeut ved Hardangerbadet vil du mellom anna arbeide med: Treningsgrupper i basseng Babysymjing og symjeopplæring for born Treningsgrupper i treningssal Rettleiing og oppfølging i treningsrom Individuell fysioterapibehandling Kartlegging, rettleiing og oppfølging av brukarar Bidra til å utvikle nye og eksisterande tilbod Det er svært positivt om du har interesse for, eller ønskjer å arbeide med, symjeopplæring for born. Hardangerbadet har gode moglegheiter for dette, og vi tilbyr nødvendig opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born. Vi tilbyr Vi tilbyr 100 % fast stilling Ein variert og aktiv arbeidskvardag Moglegheit til å påverke og vidareutvikle fysioterapitilbodet Moglegheit for å arbeide med både individuell behandling og gruppeaktivitetar Opplæring og kurs innan babysymjing og symjeopplæring for born Eit godt arbeidsmiljø Arbeid i eit moderne og allsidig helse- og aktivitetstilbod Moglegheit til å utvikle eigne faglege interesseområde

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Krav i annonsen

Lønn som fysioterapeut

Medianlønn for fysioterapeut er 54 500 kr i måneden; halvparten tjener mellom 48 130 kr og 59 830 kr (SSB). Se Fysioterapeut lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Ledige stillinger som fysioterapeut

Flere ledige stillinger · Stillinger i Kvam