Er du ein strukturert, ansvarleg og erfaren fagperson som ser etter nye utfordringar? For kundane våre ser vi no etter tekniske inspektørar. Som teknisk inspektør vil du vere den støttande ressursen på land som held kommunikasjonen mellom fartøya og operasjonskontoret. Du blir ein del av eit dedikert team som har ansvar for ei definert fartøyportefølje. Dette inneberer at du har ansvar for den tekniske tilstanden til fartøya, og sikre at dei til ei kvar tid er i optimal teknisk stand. Du vil også stå for planlegging og gjennomføring av verftsopphald. Som teknisk inspektør vil du også jobbe med forretningsplanar, fartøysforbetringar, fartøybudsjett og rapportere om KPI-ar, tekniske problem og budsjett. Vi ser etter en person med høg teknisk kompetanse innan marine operasjonar med et ønske om karriere på land. I denne rolla vil du jobbe i eit stekt fagmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer. Du er glad i å nå resultat saman med kollegaene dine, både dei som er mannskap på båtane, leiinga og administrasjonen. Du er ein bidragsytar inn i den tekniske avdelinga du er ein del av, samstundes som du er sjølvstendig og tek ansvar for fartøya i di eiga portefølje. For å lykkast som teknisk inspektør trur vi at du har erfaring og kompetanse innan drift eller vedlikehald av fartøy – gjerne begge deler. Du er nok teknisk kunnskapsrik, detaljorientert og oppteken av kvalitet. Stillinga som teknisk inspektør er variert og allsidig. Det er viktig å planlegge og tenke langsiktig, men samstundes vere operativ og rask i vendinga når situasjonen krev det. Av arbeidsoppgåvene som inngår i stillinga kan vi nemne: Vere nøkkelkontakt for alle tekniske spørsmål frå fartøya. Planlegging og oppfølging av dagleg drift. Sørge for at fartøya overholder klasse-reglar og forskrifter samt standardene til selskapet. Være informert om produksjon og mannskap til ei kvar tid. Budsjett og kostnadsansvar. Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald. Ansvarleg for å sikre at forsikringskrav vert handtert riktig. Bistå alle avdelingar for fartøyets drift ved behov. Sørge for at risikomatrisen alltid er oppdatert. Sørge for at kritiske reservedelar er på et tilstrekkeleg nivå. Stillinga kan innebere noko reising. Vi trur at du har ein del års erfaring frå maritim bransje, kanskje med teknisk eller nautisk brakgrunn, eller kanskje du har jobba på verft, i reiarlag eller som konsulent? Du har god kjennskap til maritim drift og skip, men det er ikkje avgjerande kva slags utdanning du har. For å lykka st og trivast i rolla, trur vi du er: Strukturert og systematisk. Proaktiv, resultatorientert og fleksibel. Sjølvstendig og beslutningsdyktig. Flink på samhandling og kommunikasjon. Flytande engelskkunnskaper både muntlig og skriftlig. Kunnskap i Microsoft Office-verktøy, gjerne også erfaring med fagverktøy som TM Master og CCOM. Har gjerne teknisk eller nautisk utdanning. Er du nysgjerrig på dette så tek vi gjerne ein uforpliktande prat med deg! Søknadsfrist: Snarast!!! Om Atrium People Atrium People bistår kundar med å finne gode kandidatar til roller både offshore og på land. Vi rekrutterer til faste stillingar, leiger ut fagspesialistar og leiarar og formidlar konsulentar til både på land, til sjøs og til rigg. Vi tilbyr fleksible og tilpassa løysningar som gjer at kundane våre finn ressursane og kompetansen dei treng. Vårt gode nettverk av fagpersonar og god metodikk for å søke opp og behandle søknader, gjer at vi leverer tenester av høg kvalitet. For oss er kompetanse er meir enn ein cv. Vi trur det er kombinasjonar av kunnskap, erfaring, forståing, haldningar, verdiar og motivasjon er avgjerande for om kandidaten vil passe inn i rolla og i verksemda vi jobbar for. Besøk gjerne nettsida vår eller ta kontakt med oss om du vil vite meir om oss: www.atriumpeople.no
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.