100% vikariat barnehagelærer hos Rones barnehage

Rones Barnehage · SOGNDAL · Heltid

Vil du vere med og skape magiske barnehagedagar? Ynskjer du å bidra til at barn får ein god start på livet? Har du barnet i fokus, er kreativ, har stort pågangsmot og samarbeida godt? Då har du ein unik moglegheit! Ein av pedagogane vår går ut i permisjon. Rones barnehage søkjer derfor snarleg pedagog i 100% vikariat ut barnehageåret. Kva vil du gjere hos oss? Skape trygge, gode og utviklande dagar for barna Planleggje og gjennomføre pedagogiske aktivitetar Vere ein aktiv og tilstedeverande vaksen i leik og samspel Bidra til godt samarbeid med kollegaer og føresette Vere med og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen Kven er du? Du er utdanna barnehagelærar, eller har anna relevant utdanning Du er engasjert, varm og tilstadeverande Du likar å vere aktiv saman med barna - både ute og inne Du samarbeidar godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Du er kreativ, nysgjerrig og likar varierte dagar Me tilbyr: Lønns- og pensjonsvilkår etter PBL sin tariff Positivt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar Ein barnehage med særpreg Støtte til medlemskap på treningssenter Søknadsfrist: Snarast og innan 1.oktober 2026 Spørsmål rettast til dagleg leiar Ingrid Synnøve Fønnebø. Søknad med rettkjende kopier, vitnemål og attester sendast til: Rones Barnehage, Helgheimsvegen 7, 6856 Sogndal eller e-post: post@ronesbarnehage.no Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Flere ledige stillinger · Stillinger i SOGNDAL