Norsk Målundom søkjer skrivar/dagleg leiar

Norsk Målungdom · OSLO · Heltid

Hovudoppgåver Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga. Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre og nettbutikken vår. Du vil i hovudsak arbeide tett med leiar og sentralstyret på kontoret i Oslo. Kjennskap til rekneskapsarbeid, er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising. Arbeidsspråket er nynorsk. Vi søkjer deg som: har røynsle med administrativt organisasjonsarbeid jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert samarbeider godt, er ein god lagspelar og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø er kreativ og ikkje redd for å dele idear har høg arbeidskapasitet Vi kan tilby: godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver fleksibel arbeidstid og ein kontorplass i Oslo sentrum opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver pensjonssparing og felles lunsjordning verdas beste sak! Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader. Stillinga er 100 prosent. I søknaden kan du skrive litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV. Søknadsfristen for stillinga er 22. november , aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande. Ønskt arbeidsstart er desember 2026. Send søknad og CV til norsk@malungdom.no Vi gler oss til å høyre frå deg!

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Krav i annonsen

Lønn som daglig leder

Medianlønn for daglig leder er 87 670 kr i måneden; halvparten tjener mellom 65 000 kr og 130 000 kr (SSB). Se Daglig leder lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Ledige stillinger som daglig leder

Flere søk

Flere ledige stillinger · Stillinger i Oslo