BUA Sunnfjord søker tilkallingsvikar til vintersesongen
Sunnfjord kommune Aktivitetseininga · SUNNFJORD · Deltid
Er du serviceinnstilt, glad i aktivitet og på utkikk etter ein spennande ekstrajobb? Då kan du vere den vi ser etter! BUA søkjer ein positiv og engasjert medarbeidar til vintersesongen frå desember 2026 til mars 2027, med moglegheit for vidare arbeid i 2027. Hos BUA jobbar vi for at alle skal ha moglegheit til å delta i leik, idrett og friluftsliv, uavhengig av økonomi. Som medarbeidar hos oss vil du bidra til å skape gode opplevingar for lånarane våre. Vi søker: tilkallingsvikar Krav til søkar: du må ha fylt 16 år snakke godt norsk Arbeidstid: Arbeid vil vere etter behov, hovudsakleg innanfor opningstidene våre på kveldstid og i helgane: I dag har vi ope • Måndagar: kl. 15.30–18.30 • Laurdagar: kl. 10.00–12.00 Det kan bli endring i opningstider. I feriar kan det verte utvida opningstider. Arbeidsoppgåver: halde BUA open og ta imot besøkande rettleie lånarar og hjelpe dei med å finne rett utstyr registrere utlån og innlevering av utstyr ta imot, kontrollere og setje på plass innlevert utstyr bidra til å halde lokala ryddige og oversiktlege Vi ser etter deg som: er sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik er positiv, imøtekomande og serviceinnstilt er påliteleg og møter til avtalt tid likar å hjelpe andre gjerne har interesse for eller kunnskap om ski og vinteraktivitetar. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi tilbyr: ein variert og meiningsfull ekstrajobb kjekke medarbeidarar å sparre med verdifull arbeidserfaring moglegheita til å bidra til eit inkluderande og aktivt lokalsamfunn moglegheit for vidare arbeid etter vintersesongen Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor du ønskjer å jobbe hos BUA. Send søknad og cv til buasunnfjord@sunnfjord.kommune.no Ta kontakt med Guro Askeland på telefon 47645164 om du har spørsmål til stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Krav i annonsen
Språk: norsk
Lønn som renholder
Medianlønn for renholder er 41 930 kr i måneden; halvparten tjener mellom 39 330 kr og 45 290 kr (SSB). Se Renholder lønn: spenn, timelønn og utdanning.