Produksjonsmedarbeidar

Tunge Ting AS · VOSS · Heltid

ME SØKJER PRODUKSJONSMEDARBEIDAR Hjå Tunge Ting lagar me ting som stort sett ikkje finst frå før. Spesialprodukt i betong. Kunst. Møblar. Element til bygg og uterom. Nokre prosjekt krev mykje presisjon og problemløysing. Andre krev at du står lenge med slipemaskina i handa og faktisk får jobben gjort. Så me skal ikkje pynta på det: Dette er ein praktisk jobb. Det kan vera støv, støy, tunge tak og fysisk arbeid. Men det du er med på å laga kan enda opp på bygg, kunstprosjekt og offentlege plassar over heile landet. Me ser etter deg som er: praktisk og løysingsorientert nøyaktig sjølvstendig van med å bruka verktøy ikkje redd for å ta i eit tak Du treng ikkje vera «rett type på papiret». Det viktigaste er at du kan jobba, læra og ta ansvar. Trur du dette kan passa deg? Ikkje bruk kvelden på eit langt søknadsbrev, men send ein mail til rune@tungeting.no via "søk på stilling" knappen på denne siden og fortel litt om deg sjølv og kvifor du trur dette kan passa deg. Slå eventuelt på tråden til Rune – 922 41 969. Tunge Ting AS Dalsmoen 11, Voss

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Lønn som murer

Medianlønn for murer er 48 710 kr i måneden; halvparten tjener mellom 44 570 kr og 53 980 kr (SSB). Se Murer lønn: spenn, timelønn og utdanning.

Ledige stillinger som murer

Flere søk

Flere ledige stillinger · Stillinger i Voss