Open søknad Vil du bruke kompetansen din i eit sterkt fagmiljø som har ei viktig rolle i utviklinga av regionen? I SpareBank 1 Sogn og Fjordane jobbar vi tett på kundar, næringsliv og lokalsamfunn, og er alltid interesserte i folk som ønskjer å bidra og utvikle seg saman med oss. Finn du inga ledig stilling som passar akkurat no, kan du sende oss ei open søknad. Vi er jamleg interesserte i kompetanse innan mellom anna rådgjevning, kreditt og finansiering, sparing og investering, marknadsføring, eigedomsmekling, økonomi, risikostyring, IT og juss. Viktig å vite før du sender open søknad Alle stillingar som er aktuelle for eksterne søkjarar blir lyst ut. Dersom det ligg ei utlyst stilling som passar deg, må du søkje direkte på denne. Ein open søknad erstattar ikkje søknad på konkrete stillingar. Vi går gjennom opne søknadar jamleg og tek kontakt dersom vi ser ein aktuell match mot eit konkret behov. Dersom du ikkje høyrer frå oss, betyr det at vi per no ikkje har ei stilling som passar profilen din. Vi oppmodar deg difor til å følgje med på utlyste stillingar framover. Vi set pris på at du ønskjer å jobbe hos oss. Send oss ei open søknad, men følg med på utlyste stillingar dersom det dukkar opp noko som passar deg.
Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen
står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.
Lønn som lastearbeider
Medianlønn for lastearbeider er 48 200 kr i måneden; halvparten tjener mellom 41 830 kr og 54 160 kr (SSB). Se Lastearbeider lønn: spenn, timelønn og utdanning.