Prosjektleiar for 350-årsjubileet til Baroniet Rosendal?

Baroniet Rosendal · KVINNHERAD · Heltid

I 2028 er det 350 år sidan Baroniet Rosendal vart oppretta av kong Christian V av Danmark-Noreg. Dette skal markerast med eit innhaldsrikt jubileumsår som løftar fram historia til Baroniet Rosendal og inviterer lokalsamfunnet, regionen, Noreg og internasjonale samarbeidspartnarar til å ta delta. Hva vi ser etter Vi søkjer deg som kombinerer gode organisatoriske evner med kreativitet og interesse for historie og kulturformidling. Du trivst med å samla menneske rundt eit felles mål, utvikla nye idear og omsetja planar til konkrete resultat. Vi ser etter ein sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert person som tek initiativ, samarbeider godt og evnar å halda oversikt over mange parallelle prosessar. Du må trivast med både strategisk arbeid og praktisk gjennomføring. Vi ynskjer at du har: Relevant høgare utdanning innan kulturleiing, historie, kulturvitskap, prosjektleiing, samfunnsfag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Erfaring med prosjektleiing, programutvikling, arrangement eller kulturproduksjon. God evne til å planleggja, koordinera og gjennomføra prosjekt med fleire samarbeidspartnarar. Gode kommunikasjonsevner og evne til å formidla komplekse tema på ein engasjerande og forståeleg måte. Evne til å vera fleksibel, du er ikkje redd for å ta i eit tak der det trengs. Vi er ein liten organisasjon der alle må bidra. Evne til å byggja nettverk og skapa gode relasjonar på tvers av fagmiljø og organisasjonar. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gode engelskkunnskapar. Det er ein fordel om du har erfaring frå kulturhistoriske institusjonar, museum, festivalar eller større jubileums- og formidlingsprosjekt. Kjennskap til norsk kulturarv, historie og kultursektor vil òg vera relevant. Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på. Arbeidsoppgaver Vi søkjer vi deg som vil leia og vera pådrivar i arbeidet med å utvikla og gjennomføra jubileet - eit prosjekt som skal skapa ny kunnskap, engasjement og aktivitet rundt ei av dei mest særmerkte kulturhistoriske verksemdene i Noreg. Baroniet Rosendal er Noregs einaste baroni, med ei historie som strekkjer seg tilbake til 1678. Slottet, hagen og kulturlandskapet utgjer eit unikt kulturmiljø med stor historisk, kunstnarisk og samfunnsmessig verdi. 350-årsjubileet skal vera meir enn ei markering av eit historisk årstal. Det skal vera ei feiring av historia, menneska, staden og dei internasjonale banda som har vore med på å forma Rosendal og regionen gjennom fleire hundreår. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av jubileumsåret, først og fremst i sesongen medio 1. mai - 15. september. Du skal i tett samarbeid med direktør leia prosjektet frå planlegging og idéutvikling til gjennomføring og evaluering. Sentrale arbeidsoppgåver vil vera å: Utarbeida ein heilskapleg prosjektplan med mål, framdrift, budsjett, finansieringsplan og organisering. Vere med å utvikla eit variert og samanhengande jubileumsprogram med lokal, regional og nasjonal relevans. Arbeida med finansiering, tilskotssøknader, sponsoravtalar og andre former for ekstern støtte. Bidra til å utvikla, koordinera og leggja til rette for brei medverknad og lokal forankring. Vere med å planleggja og koordinera hovudmarkeringar og andre større arrangement i 2028. Bidra med kommunikasjon, synleggjering og publikumsretta informasjon i samarbeid med Baroniet Rosendal. Stillinga skal og inngå i den daglege drifta/turnus i sesongen medio april -- oktober Arbeida tett med direktøren og dei tilsette ved Baroniet Rosendal, og samarbeida med eksterne fagpersonar og samarbeidspartnarar. Vi tilbyr Vi tilbyr: Ei spanande prosjektleiarstilling med stor moglegheit til å påverka innhaldet i eit historisk jubileumsår. Høve til å arbeida med eit kulturhistorisk miljø av nasjonal betydning. Eit breitt nettverk av samarbeidspartnarar innan kultur, forsking, offentleg forvaltning og næringsliv. Ein variert arbeidskvardag med både fagleg utvikling, nettverksbygg

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Krav i annonsen

Flere ledige stillinger · Stillinger i Kvinnherad