Vi søkjer erfaren rekneskapsførar

Jotunheimen Regnskap AS · LOM · Heltid

Vi søkjer erfaren rekneskapsførar 50–100 % stilling | Lom og/eller Vågå Jotunheimen Regnskap er i utvikling, og vi ønskjer å styrkje laget med ein erfaren rekneskapsførar som likar å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og skape gode relasjonar til kundane sine. Hva vi ser etter Kven ser vi etter? Vi trur du vil trivast hjå oss dersom du: har solid erfaring med rekneskap, gjerne frå rekneskapsbyrå kan handtere eigne kundar og oppgåver sjølvstendig jobbar strukturert og nøyaktig og har god kontroll på fristar er trygg i kundedialogen trivst med digitale arbeidsverktøy og er nysgjerrig på korleis teknologi kan gjere arbeidskvardagen betre likar å samarbeide og bidra til at laget rundt deg lykkast Erfaring med landbruksrekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav. Arbeidsoppgaver Kva skal du jobbe med? Du får ansvar for di eiga kundeportefølje og følgjer kundane gjennom året. Avhengig av erfaring og kompetanse kan rolla også innebere oppdragsansvar. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere løpande rekneskap, avstemming, rapportering, lønn, mva, årsoppgjer og skattemeldingar -- i tillegg til kundekontakt og rådgjeving. Vi ønskjer oss ein kollega som ikkje berre fører rekneskap, men som ser kunden, forstår verksemda og bidreg til gode løysingar. Vi ser fyrst og fremst etter deg som har solid erfaring frå rekneskapsarbeid og er trygg i faget . Statsautorisasjon er ein fordel, men ikkje eit krav. Har du lang og relevant erfaring utan autorisasjon, er du absolutt aktuell for oss. Kvifor Jotunheimen Regnskap? Vi er eit lokalt rekneskapsmiljø i utvikling. Ambisjonen vår er å byggje eit moderne og framtidsretta rekneskapsbyrå med sterke fagfolk, gode arbeidsdagar og nærleik til kundane. Hjå oss skal det vere rom for både ansvar og fleksibilitet. Vi trur på tydelege roller, samarbeid og på å bruke teknologi til å gjere meir av det som faktisk skaper verdi -- både for kundane og for oss som jobbar her. Du blir ein del av eit lag der du får vere med og påverke korleis vi skal jobbe og utvikle oss vidare. Arbeidsstad: Lom og/eller Vågå. Arbeidsstaden kan vere fast ved eitt av kontora eller fordelast mellom begge. Det er også moglegheit for noko heimekontor. Stillingsprosent: 50--100 % Oppstart: Etter avtale Søknadsfrist: 15. oktober Vi tilbyr Vi tilbyr: Ein fleksibel arbeidskvardag med arbeidsstad i Lom, Vågå eller ein kombinasjon av begge. Det er òg mogleg med noko heimekontor. Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver , med eiga kundeportefølje og moglegheit for oppdragsansvar. Eit godt fagmiljø med dyktige kollegaer å sparre med. Moglegheit til å påverke eiga rolle og vere med på å utvikle både arbeidsmåtar og selskapet vidare. Fagleg utvikling , anten du allereie er statsautorisert eller ønskjer å byggje vidare på solid erfaring. Moderne system og fokus på smartare arbeidsprosessar , slik at vi kan bruke meir tid på det som skaper verdi for kundane. Konkurransedyktige vilkår , med stor grad av tillit og fleksibilitet. Vi er i ei spennande utviklingsfase og opnar no også kontor i Vågå. Hos oss får du høve til å vere med og forme vegen vidare -- samtidig som du blir ein del av eit selskap med sterke lokale røter.

Søk på stillingen gjennom Kollegia. Kravene til stillingen står oppgitt før du søker, så du ser om du er kvalifisert før du bruker tid på søknaden.

Flere ledige stillinger · Stillinger i LOM