Velkomen til Sølvgarden Hotell og Feriesenter Vertskap er Lindy og Torfinn Rysstad. Sølvgarden er ei familiebedrift som har fleire familiemedlem i jobb både på hotellet og på sylvverkstaden. Når du fyrste gong ser Sølvgarden Hotell, minner det deg kanskje mest av alt om eit lite eventyrslott. Litt eventyr i kombinasjon med Setesdals kultur og tradisjonar gjev eit spennande interiør og spenstig utsmykking i god dialog med moderne fasilitetar som vi veit du set pris på. Hotellet har 28 rom deriblant ei flott tårnsuite, samt 17 hytter. Tradisjon i generasjonar Sølvgarden Hotell er eit resultat av målbevisst satsing frå fleire generasjonar Rysstad. Det starta med ein liten campingplass i 1960. Sidan er det bygd opp steg for steg. Fyrst eit sanitæranlegg, så fire hytter, og sidan ein heil hyttepark. Kiosken der du kunne kjøpe is og brus vart til kafeteria. Trygve Rysstad stod for det store løftet i 2009 då hotellbygget slik vi kjenner det i dag stod ferdig – eit eventyrslott i Setesdal som knyter saman familiehistoria, sylvtradisjonen og moderne gjesteopplevingar. Både Inger og Trygve Rysstad er utdanna som sylvsmedar med filigran som spesialitet, og familietradisjonen innan faget går
SØLVGARDEN HOTELL & FERIESENTER AS holder til i Setesdalsvegen 3214, 4748 RYSSTAD.
SØLVGARDEN HOTELL & FERIESENTER AS har ingen utlyste stillinger akkurat nå. Nye stillinger blir lagt ut her.
Karrieresiden driftes av Kollegia, der du kan søke på stillingen direkte og se hvilke krav som gjelder før du bruker tid på en søknad.